Å, tenk på Gud i ungdoms år (LH679)
Fra Liturgisk ressursbank
Tekst: Elias Blix 1891 Melodi: Tysk folkevise ca 1500 / Nürnberg 1530
2Å, tenk på Gud i ungdoms år, / når voni lyser ven og klår / som vår i ljose lundar, / når hjarteliv som blomen sprett / og seg for ljoset opnar lett / og etter kjærleik stundar!
3Ja, tenk på Gud i ungdoms år, / før deg dei vonde dagar når / som du må ille lika! / Det kjem ein kveld so kald og skum, / då vert det tungt å venda um / og frå det vonde vika.
4So tru på Gud når du er ung, / før du vert gamal, trøytt og tung, / og sorger hjarta fyller! / For trui adlar ungdoms år, / gjev krona gjæv til gråe hår / og deim med rettferd gyller.
5Gud, lat då bløma i kvar bygd / ein ungdom rik på tru og dygd, / og lær deim Kristi lydnad! / Og lat so alle gamle få / den gode alders krona på, / den kristne rettferds prydnad!
