Døyparen stend ved Jordans strand (LH608)
Fra Liturgisk ressursbank
Tekst: Elias Blix Melodi: Wolfgang A. Plagge 1992
2Døyparen morgonstjerna er, / varslar at soli vil renna. / Bod um den komande han ber, / so dei kan Frelsaren kjenna. / Han er den røyst i øydeland, / ropande ut til alle mann: / Rydje no veg fyre Herren!
3Døyparen viser burt frå seg, / – stjerna for soli må vika, – / viser til Jesus, livsens veg, / vegen som aldri vil svika. / Difor Johannes fekk den ros: / han var eit strålande Guds ljos, / lysande fram til vår Frelsar.
4Alle som vil Guds rike sjå, / alle som livet vil smaka, / inn um Johannes ganga må, / honom til vegvisar taka! / Berre i bot og tru på Krist / finna me vegen, det er visst. / Det vil oss Døyparen læra.
Noter
- Sats (Wolfgang A. Plagge)
