Djupaste mørker ligg over jord (LH584)
Fra Liturgisk ressursbank
Tekst: Arnfinn Haram 1995 Melodi: Wolfgang A. Plagge 1995
2Kransa kring bålet, hyrdingar små / englesong høyrer. No vil dei gå / like til stallen, stilt stig dei inn, / kneler for barnet, kysser hans kinn. Omkved
3Angen av høyet, bitter og yr, / pusten av trøytte, nattvarme dyr, / vinden som kviskrar – alt andar ut: / No er han komen! Her er vår Gud! Omkved
4Kongar frå Austen, vismenner tre, / røykjelse, myrra, gull har dei med. / Vidt har dei fare, langt skal dei dra, / bodskap få bera. Halleluja! Omkved
5Tettast ved krubba, moderleg god, / vaker Maria, glad er ho no. / Guten ved barmen, tvegen og fin; / Gudeson er han, sjå kor han skin! Omkved
6Djupaste mørker ligg over jord, / alt fekk du prøva, Jesus, min bror. / Gå ikkje frå meg, Herre, eg bed! / Ven frå det høge, du er min fred. Omkved
Noter
- Sats (Wolfgang A. Plagge)
