Det hev ei rosa sprunge (LH377)
Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
Tekst: Köln 1599 Melodi: 1400-t / Köln 1599 Oversettelse: Peter Hognestad 1921
1Det hev ei rosa sprunge / ut av ei rot so grann. / Som federne hev sunge: / Av Jesse rot ho rann, / og var ein blome blid / midt i den kalde vinter / ved mørke midnattstid.
2Um denne rosa eine / er sagt Jesajas ord. / Maria møy, den reine, / bar rosa til vår jord. / Og Herrens miskunnsmakt / det store under gjorde / som var i spådom sagt.
3Guds rosa ljuvleg angar / og skin i jordlivs natt. / Når hennar ljos oss fangar, / ho vert vår beste skatt. / Me syng i englelag: / No er det fødd ein Frelsar, / og natti vert til dag.